Kommuneplan - arealdel

                 2020-2032

  Innspel til nye arealføremål 

Tysnes kommune fastsatt planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel 17.12.2019     Fastsetting av planprogram kan ikkje påklagast jf. Plan og bygningslova § 1-9 da fastsetting av utredningsplikt er ein prosessleiande avgjerd som ikkje definerast som enkeltvedtak jf. Forvaltningslova § 2.


VEDTAK:

Med heimel i § 11-13 i plan og bygningslova fastsett Tysnes kommune planprogram til kommuneplanen sin arealdel som den ligg føre i saka.

Kva er eit planprogram ?


Eit planprogram er ein skildring av planprosessen og kva som er hovudtema i planen.Det er plan og bygningslova som fastsett at det skal lagast planprogram før sjølve arbeidet med kommuneplanen settast i gang.

Planprogrammet gjer greie for føremålet med planarbeidet, deltakarar, tidsperspektiv og medverknad.

Fokusområder


Planframlegg skal utarbeidast og aktuelle areal eller fortetting av eksisterande skal utgreiast i høve til mange ulike forhold. Det skal vurderast trong for konsekvensutgreiing, oppdatert ros-analyse, trong for andre analysar og kartlegging av utvalde temaområder.

Naturmangfall, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, rekreasjon, landskap, transportløysingar opp mot energibruk og energiløysingar.

Jordvern, helse, forureining, samfunnstryggleik og økonomiske konsekvensar for kommunen mv.


Kva er kommuneplanen sin arealdel ?

Kommuneplanen sin arealdel er kommunekartet som syner kva og kor ein har tankar for vidare utvikling og korleis ein ser for seg vern og omsyn til sjø og landareal innanfor kommunegrensa, saman med tilhøyrande føresegn, utgreiingar, rapportar og omsynskart som supplera og tydeleggjer moglegheita innanfor kvart arealføremål.

Det vil vera ein styrke for nye areal for bustad, næring, fritid eller anna arealbruk, at dei i tillegg til å vera realistiske og i ein skala som er i samsvar med forventa utvikling i eigen kommune og nabokommunane og samstundes vert knytt opp mot eksisterande infrastruktur.

Dei fleste nye tiltak vil krevja terrenginngrep og det vil alltid medføra konsekvens for anna bruk av arealet, det er difor viktig at innspela også har med ein vurdering mellom bruk og vern, og gjerne peikar på avbøtande tiltak som kan redusera påverknad ny arealbruk kan føra med seg.


Det er viktig å satse på berekraftig stadsutvikling som skapar aktive og attraktive                tettstader og grendar

Tysnes kommune sin eigen strategi forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel saman med silingsmodell vist i planprogram for arealdel vert lagt til grunn når nye areal vurderast.

Tysnes skal utvikla seg gjennom å fortette eller utvide eksisterande bygder. 

Tysnes kommune skal utarbeide ein plan som tek høgde for fortetting av eksisterande bygdesentra og sett av tilstrekkeleg areal til sentrumsføremål, bustad, næring og offentlig og privat tjenesteyting. 

Kommunen skal utnytte potensialet som ligg i etablering av E 39 over Reksteren og sette av areal til fremtidig næring, bustad og tjenesteyting nær planlagte kryss. og påkoplingspunkt. 

Tysnes skal utvikle strandsona gjennom den moglegheit som ligg i at me er lokalisert i region med mindre press på dette området.

Like tydeleg skal kommunen vera når det gjeld vern av sårbar natur og landskap. 





     Matjord skal takast vare på og det er viktig å halda fast på den gard og småbrukstruktur som utgjer "Tysneslandskapet" frå fjord til fjell. Område grunneigar kan meine berre er «haug og hammar» kan vera særs viktige areal for dyreliv, naturtypar eller for vår totale oppleving av landskapsromma.

Tysnes skal nytte planverket sin moglegheit for å sette av LNF-areal til spreidd bustad, spreidd naust og spreidd næring i komande planperiode, men vil i hovudsak utføra og samle utbygging gjennom fellesløysingar og detaljreguleringsplanar, 

Kommunen må syta for å sette av tilstrekkeleg areal til ulik framtidig næring, Desse areala bør i hovudsak etablerast i samråd med næringsliv og utnytta dei moglegheitar som opnar seg ved etablering av ny E 39, i tillegg til  utviding av eksisterande næringsområder og etablering av landbasert og sjøtilknytt akvakultur.

Kommuneplanen sin arealdel opnar for innspel til følgjande tema:


1. Næringsområder på land og tilknytt sjø.

produksjon, lager, administrasjon, utdanning, turisme, rekreasjon mv.

2. Areal til bustad, konsentrert eller frittliggande

Einebustad, bustadblokker, rekkehus, fleirmannsbustader, generasjon- seniorbustader, utleige mv.

3. Fritidsbustader, frittliggande, samla i tun/hyttefelt eller nye løysingar

Servicebygg, fritidsleiligheiter, utleige, skogshytter, sjøhytter og fjellhytter

4. Areal for fellesløysingar for sjøtilkomst, fritidsaktivitetar og andre folkehelsetiltak

parkeringsplassar nær attraktive turområder, varmestover, båtplassar, turvegar med fokus på universellt tilgjengelege fiske- , bade-, idrett-, aktivitet-, og turområder.

5. Massedeponi og steinuttak

Etablera areal for å handtera masse i samband med infrastrukturprosjekt og uttak og steinknusing for å få ned trong for inntransportering av masse til byggjeverksemd i kommunen.

6. Innspel om vern av areal med lokal natur/kulturverdi og natur og landskapstypar som ikkje er fanga opp i overordna planverk eller  kommuneplan

I ein plan som skal vekta mellom bruk og vern ønske me like stor merksemd på areal som ikkje skal byggjast ut og samstundes sjå om det er trong for sterkare vern av visse område i kommande planperiode.

 

Det vil vera mogleg å koma med innspel fram til 15.September.

Det vert opne kontordagar i veke 26 og 27 for dialog og medverknad om planarbeidet

                        lenker

Innspel til arealdelen handsamas etter følgjande prinsipp: 

 Alle innspel til arealdelen via innspelsportalen vert registrert. 

 Alle innspel vert gjeve ei grov siling på administrativt nivå etter fastsette kriteria. 
Metodikken i Statens vegvesens handbok V712: Konsekvensanalyser (2018) som omhandlar ikkje -prissette konsekvensar vert nytta som mal ved vurdering av innspel til kommuneplanen sin arealdel. 
 I tillegg til desse vert folkehelse løfta fram som eit særskilt kriterium. Tilnærminga dekker alle relevante tema som er sett i forskrift om konsekvensutgreiing § 21. 
 Dette er: 
 1. Landskapsbilete 
 2. Friluftsliv/by - og bygdeliv 
 3. Naturmangfald 
 4. Kulturarv 
 5. Naturressursar 
 6. Folkehelse 
 Forutan desse seks temaa vert FN sine mål for berekraft ei grunnleggjande vurdering opp mot alle tiltak. 
 Fleire detaljar rundt ulike arealføremål og prioritering mv. vil me koma inn på i samband med planlagde bydemøter, og i eigne møter med aktuelle lag, organisasjonar og næringsliv under innspelsperioden. 


 Dei innspel som vert silt ut gjennom politiske vedtak, vert lagt vekk utan vidare oppfølging. Det vil seie at det ikkje vert gjeve nokon tilbakemelding til det enkelte innspel vidare i prosessen, da kommuneplan ikkje er partsavhengig. 


 Dei som skal vurderast nærare, konsekvensutgreiast og avklarast mot andre myndigheitsorgan som har særskilt interesse etter plan og bygningslova sitt system.

                                                                                                                                            Tysnes kommune er takksam for ditt bidrag og ber om at du lastar opp og sender ditt innspel på dette skjema.

Alle foto: Carl Ottar Olsen